Borgtveit - Bautastein, Geitestølen

Bautasteinen er om lag 1,8 m høg, delvis mosegrodd og han hallar godt over mot O. Breisidene er orienterte NNO-SSV. På det breiaste er bautasteinen 1 m, mot toppen smalnar han til 0,7 m. På nordsiden 27 cm ned frå toppen, står ein kort inskripsjon, truleg av nyare dato. NB! Omlag 400 m NNO for bautasteinen, på beiteområdet Flåten, ligg ein mogeleg gravhaug. Han er graskledd, måler 5 m i tverrmål og er omlag 0,5 m høg. Ved prøvestikk i kanten fann ein trekol omlag 0,5 m nedover. Morten Børstein såg på haugen under ei synfaring i 1983. Han konkluderte med at det her etter alt å døme er tale om ein naturleg haug og ikkje noko fornminne.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/35767
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=48844&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.761W, 60.144S, 5.761E, 60.144N); Bjørnafjorden