Minnestein som etter Jon Åsen: "Hægeland gard og ætt" side 156-157 har innskrift AKD 1833. Han meiner at steinen anten er reist til minne om Anne Karlsdotter Norbu som døydde i Storrhei i 1833, eller til minne om ei udøypt dotter til Kristen som kan ha døydd like etter fødselen. Han nemner også at husa i Storrhei brann ned til grunnen ein gong mellom 1823 og 1835. Andre tolkar innskrifta som AD 1833 som i så fall tyder Anno Domini 1833, og som kan vera det året då husa brann og det nåverande setehuset blei bygd. Det nåverande setehuset inneheld eit eldhus (med are og ljore) til høgre og ei stove (med jernomn) til venstre. Det budde folk i Storrhei fram til rundt 1910. Pr. 2018 står det nåverande setehuset dessverre til nedfalls, og uthuset er alt neddutte.