Snaue berg med mange rare steinsetjingar. Lengst i sør ligg det ein bearbås som vender aust-vest, og ein bitte liten firkant av småsteinar som vender sør-nord. Lenger nord ligg det ei steinblokk omringa av steinar. Lenger nord ligg det ei steinblokk der det er lagt steinar inntil for å kunna kliva opp på steinblokka. Så kjem ein til det høgaste med eit holt. Lenger nord ligg dei to mest iaugnefallande fylde rektangulære likkvilene jamsides. Austafor dei to ligg det ei rektangulær fyld likkvile. Nordvestafor dei to ligg det ei oval likkvile. Nord for dei to ligg det ei lita rund likkvile. Elles ligg der mange neddotne vardar på dei snaue berga.