Brudefjellet

Høg tørrmurt borg (vegmur) frå tida før 1774 då det ikkje var framkjømt nede ved vatnet fordi vatnet stod høgare enn i dag. Muren var ein lekk i ein kyrkjeveg (snappveg til kyrkje) for folk som budde i Stallemo krets og i Homstean krets. Ei segn seier at ei brud reid til hests anten til eller frå vigsla i kyrkja, men så skreid hesten, og både hest og brud datt utfor og omkom. Nå, derimot, går det an å kome forbi ufsa nede ved vatnet fordi vatnet tok nytt utlaup i 1774 og sokk med halvannan meter. Kyrkjevegen blei merka opp att som turløype i 2022.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/178817
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=137684&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2014
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.790W, 58.290S, 7.790E, 58.290N); Vennesla