Fetts fk.nr. 1/2

Bautasteinen er 2,75 m høg, om lag 0,35 m brei og om lag 0,2 m tjukk. Breisidene vender mot N og S. Den austre smalsida spissar seg mot toppen. Bautasteinen er noko ujamn i kantane og tilvaksen med lav. Bautasteinen vart attreist i 1898. På søre breiside står ei innskrift om dette. Bautasteinen skal tidlegare ha stått på Anfinnsvollen, men hadde då ei tid lege under eit kvernhus i næraste elv.1 m frå det nordvestlege hjørnet på hytta, ligg ein gravhaugrest, Fetts fk.nr. 1/1. Haugresten er markert som ein kant, om lag 2 m i tverrmål og 0,5 m høg. Haugen rasa ut kring år 1900 og sjøen vaskar no rett under haugkanten. Det skal vere funne beksel og sverd. Det skal ha stått bautastein på haugen.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/45596
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=57667&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 1900
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (6.323W, 62.060S, 6.323E, 62.060N); Volda