Laukhamar - Fetts fk. 1, Laukhammarsåta

Toppen av kollen er gjennomskoren av ei forsenking, orientert NV-SO, ca 5 m N for eit trigonometrisk punkt. På S-sida stig berget loddrett opp i to avsatsar. N for forsenkinga ligg ein NO-SV gåande bergknaus, med ei flate på O-sida. Flata og forsenkinga måler 43 x 20 m, orientert SV-NO. Nærast knausen med det trigonometriske punktet er forsenkinga djupast. Her ligg noko stein nede i eit rektangulært søkk som måler 1,3 m x 0,5 m, orientert O-V, og som er 0,45 m djupt. Nedanfor det søraustre hjørnet ser det ut til å vere ein oppgang som er sperra av store blokker som er lagde opp i ein vinkel. Blokkene er opp til 0,9 x 0,6 m store. Ut frå vinkelen i retning NNO er 0,3-0,4 m store blokker lagde opp i rekkje på berget langs austre kanten. Desse er delvis overgrodde og derfor lite synlege, men dette er truleg restar etter ein mur. Ved foten av kollen i NO er det lagt opp stein over eit 4 x 2 m stort område, som kan ha stengt oppgangen her. Borga er svært overgrodd med lauvtre- og bartrekratt og eine. Eit prøvestikk som blei tatt på flata O for den NO-SV gåande bergknausen, 12 m NO for det trigonometriske punktet, hadde følgjande stratigrafi: 15 cm torv, 10 cm brunsvart finkorna jord, 1 cm grå sand over berget.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6064
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=32359&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2009
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.605W, 59.879S, 5.606E, 59.879N); Tysnes