Fetts fk.nr. 1

Helleren ligg i ein ca. 10 m høg og 25 m brei hammar. Helleropninga ligg midt i hammaren. Veggene er nokså rette, men helleren smalnar av innover. Taket i helleren går i to avsatsar. Helleren er 4,5 m br., 3 m djup og 3 m høg. Hellergolvet ligg 6-8 m.o.h. (avlese på ØK-kart). Skråninga frammanfor opninga er grasvaksen og nærast helleren veks ein god del brennesle. Heile hellergolvet er dekka av eit svart kolhaldeg kulturlag. Under registreringa vart det teke 3 prøvestikk, det djupaste gjekk ned til 50 cm, utan at botnen av kulturlaget var nådd. I prøvestikka vart det funne ett fragment av flint og 48 beinfragment og blåskjell og albogeskjell.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/6355
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=33239&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Vestland fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.111W, 61.071S, 5.111E, 61.071N); Gulen