På gnr. 43, bnr. 351 står ein Fallosstein, slike steinar er i seinare tid tolka som eit symbol på fruktbarhet. Dei fleste er truleg frå eldre jernalder, ein finn dei gjerne i nærleiken av- eller på gravhaugar frå perioden. Steinen er av ein litt anna karakter enn dei tradisjonelle fallossteinane, som gjerne er noko mindre i storleik og i kvit stein, marmor eller kvartsitt (http://arkeologi.blogspot.com/2005/12/steinfallosene-i-jernalderen.html). Medan Fallossteinen på Storebø kan likne meir på ein bautastein med eit falloshovud. Steinen står i hagen til gnr. 43,bnr. 351, på den sida av huset som peikar ut mot beiteareala på bnr. 913. Den ligg på eit område som ser ut til å vera nytta som eit blomsterbed. Plasseringa til steinen er ikkje meir enn 150-200 m i frå gravfeltet med id 6692. Steinens storleik er omtrentleg 70 x 25 cm.