Fetts fk.nr. 1/1-4

Bautasteinen fk.nr. 1/1 står 11 m N for kyrkjedøra. Steinen er 2,2 m høg, 1,8 m brei og 20 cm tjukk. Flatsidene vender mot N og S. Han hallar lett mot N.Bautasteinen fk.nr. 1/2 står 14 m V for kyrkjedøra. Han er 3 m høg, 1,5 m brei og 10 cm tjukk. Flatsidene vender mot N og S.Den nordre flatsida på begge desse steinane er mosegrodd.Bautasteinen fk.nr. 1/3 skal vera attreist på opphaveleg plass i tidsrommet 1826-38. Han står no 18 m SSV for kyrkjedøra. Han er 2,2 m høg, 1,5 m brei og 10 cm tjukk. Flatsidene vender mot NNV og SSO.Steinkrossen fk.nr. 1/4 er avslått slik at berre øvre delen no er att. Krossen står 11 m SSV for kyrkjedøra. Han ris no 1 m over bakken og er 73 cm over armane. Materiala i krossen er granathaldeg glimmerskifer av same type som ein finn i kvernsteinsbrota i Hyllestad.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/66694
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=173909&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Universitetsmuseet i Bergen
Publisher Askeladden
Publication Year 2004
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (4.962W, 61.319S, 4.963E, 61.319N); Askvoll