Trælsåsen

"Løvsland i Finsland skal være opryddet af en Træl, som fik en rød Trøie for Arbeidet. Da han var færdig og reiste fra Gaarden, standsede han paa en Bakke, saa sig tilbage og sagde: "Ja, naa he eg 'kje møgje, før eg he rødt upp ein heile Gar, - eg he bare ei røe Trøia". Bakken, der ligger i Sydvest for Gaarden, kaldes endnu Trælebakken." I Finslandsboka gjengis en mer fullstendig versjon av sagnet: "Ein mann som før hadde vore træl, tok til å dyrka her då han blei fri. Om ei tid blei han lei dette og selde garden. Kjøparen skulle betala med eit stykke raudt klede, ei stridsøks og ein dolk. Trælen fikk si betaling og reiste frå Lausland. Han tok vegen søretter mot Apåsland i Laudal. Då han kom på toppen av den fyrste heia, stansa han, såg attende mot garden og sa: - Eg held mykje meir av mitt stykke raude klede, mi stridsøks og min dolk enn av desse myrar som eg har arbeidt med, for det er berre nokre søylepyttar. Han reiste så opp ei stor steinhelle til minne. Denne steinen stod der til ein gong i det nittande århundre, då ein mann frå Laudal køyrde han heim til helle i dørtroppa. Åsen der steinen stod, heiter enno Trælåsen. ... Segna fortel og at den frigjevne trælen som åtte Lausland, ein gong møtte Finsådalhjuringen ved Trælskyl. Dei blei trælen drepen og gravlagd i ein haug dei kalla Trælshaugen. Då dei skar seg gjennom denne haugen med veglina for nokre år sidan, fann dei eit lite gravkammer, mura opp av mindre steinar."

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/104124
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=182767&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Agder fylkeskommune
Publisher Askeladden
Publication Year 2007
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (7.570W, 58.264S, 7.570E, 58.264N); Kristiansand