Hopland - Fetts fk. 1/1-2

Bautasteinen fk. 1/1 står i hagen på bnr. 11, rett NV for gjerdet mot bnr. 86, ca. 10 m SV for vegen. Han er ca. 2,30 m høg, 0,60 m brei og 0,20 m tjukk. Bautasteinen smalnar av i ein spiss mot toppen. Øvste delen er avbroten og murt på att. Bautasteinen fk. 1/2 står på andre sida av gjerdet på bnr. 86, ca. 3,5 m frå fk. 1/1. Han er opp til 1,90 m høg, 0,80 m brei og 0,25 m tjukk. Han smalnar noko mot toppen og er elles noko mosegrodd. Steinen er i dag brukt som støtte for ein rosebusk.

Identifier
Source http://kulturminnesok.no/ra/lokalitet/35857
Metadata Access https://kart.ra.no/arcgis/rest/services/Distribusjon/Kulturminner20180301/MapServer/7/query?objectIds=168899&outFields=*&returnGeometry=true&f=geojson
Provenance
Creator Universitetsmuseet i Bergen
Publisher Askeladden
Publication Year 2006
Rights NLOD (https://data.norge.no/nlod/en/2.0/)
OpenAccess true
Contact askeladden.hjelp(at)ra.no
Representation
Language Norwegian
Version 20180301
Discipline Archaeology
Spatial Coverage (5.267W, 60.622S, 5.268E, 60.622N); Alver